Mikkelparken

KONKURRERER MED SYDEN: Mikkelparken har investert 15 millionar dei siste 5 åra for å trekkje barnefamiliar til Kinsarvik. Så langt har besøkstalet auka kvart år. Foto: Mikkelparken

Mikkelparken

Hordalands einaste utandørs opplevingspark

 

Visste du at Kinsarvik har den einaste utandørs opplevingsparken for barn i Hordaland – Mikkelparken? Ferieparken som vart etablert i 1985 og sidan har vakse jamn og trutt, har som mål å skape gode barneminne.

Satsing gir vekst
Ferieparken starta opp i 1985 som eit tilbod til reisande med ferja for å demme opp mot Bruravik-Brimnes ferja lenger ute i fjorden. Då heitte den Hardanger Feriepark. I 2005 vart parken døypt om til Mikkelparken. Namnet kom frå ein tjuvaktiv rev som stal sko i parken.

Marknadsansvarleg Lars Instanes viser Næringsbarometeret rundt på området der ein er i full sving med å gjere klart til årets sesong, med ein liten tjuvstart i påska. – Mikkelparken har investert for om lag 15 millionar dei siste 5 åra. Overnattingsbedriftene vi samarbeider med i nærområdet har investert for 40–50 millionar dei siste 5–6 åra. Kinsarvik er ein destinasjon der vi alle må samarbeide for å gjere staden attraktiv for tilreisande. Vi må investere for å fornye oss, å ha nye og spanande tilbod som gjer Hardangertun og regionen attraktiv. Vi konkurrerer heile tida med Syden om barnefamiliane, og det er ein tøff kamp, seier han.

Hardangerbrua viktig
Så langt ser det ut til å gå bra for Mikkelparken i Hardanger. Besøkstalet har auka kvart år. – I 2013 hadde vi 48 300 gjestar. Det var ein auke på 10 prosent frå 2012. I år ventar vi også ein auke i talet på besøkande på 10 prosent frå i fjor. Det er i all hovudsak norske barnefamiliar som er målgruppa for parken. For oss har Hardangerbrua betra tilgjenget til parken og har det gjort det lettare for barnefamiliar på Voss og i Bergensområdet å kome hit. Bookinga så langt ser bra ut, fortel Instanes.

Mikkelparken har stor tru på at dersom ein skal få barnefamiliar til å kome til Hardanger, må ein samarbeide. – I fleire år har vi hatt samarbeid med ulike bedrifter lokalt og i regionen som kvart år legg stadig meir og meir til rette for målgruppa. Nye spanande samarbeidspartnarar er Myrkdalen, Hardanger Frukt, Hardanger Bestikk og Tiljamid. Sistnemnde produserer underklede av bambusfiber, og kvinna bak verksemda fekk Innovasjon Norge sin pris «Årets gründerkvinne i Hordaland», seier Instanes.

Gir arbeid til mange
Mikkelparken er òg ein viktig sysselsetter i sommarmånadene. Det krevst mange menneske for å drive parken gjennom sesongen. – Vi er svært heldige som har mange kjempeflinke ungdommar som ønskje å arbeide i Mikkelparken. Om sommaren er det over 50 medarbeidarar og vi er 10 heilårstilsette, avsluttar Instanes.

Mikkelparken hadde i 2013 ei omsetning på 20,2 millionar og eit resultat før skatt på ca. 10 prosent av dette.

Tilbake til hovudartikkel