Moelven Granvin Bruk AS

TENER PÅ VESTLANDSTØMMER: Moelven Granvin Bruk nådde produksjonsrekord i april. 80 prosent av tømmeret dei foredlar kjem frå Hordaland. Foto: Næringsbarometeret

Moelven Granvin Bruk AS

Prisauke gir positive utsikter

Mykje av grana som vert hogd i Hordaland vert forvandla til plank, sagmugg og bork inst i ein tarm av Hardangerfjorden. Prisauke, produktivitetsauke og god tilgang på lokalt råstoff gir lyse utsikter for Moelven Granvin Bruk AS.

Statens Landbruksforvaltning syner at prisutviklinga på sagtømmer har auka jamt og trutt sidan midten av 2013.  Det kan ha medverka til at både hogstmengda og tømmerprisane er høgare i 1.kvartal i 2014 samanlikna med 1.kvartal i 2013.  – Eit av fortrinna våre er at vi i stor grad brukar lokalt råstoff, og kulturgran frå Vestlandet eignar seg godt til dei produkta vi lagar, fortel dagleg leiar Truls Langhelle i Moelven Granvin Bruk AS.

Med meir enn 30 tilsette, saga bruket vel 60 000 m3 tømmer i 2013. Over 80 prosent av tømmeret dei kjøpte det året kom frå Hordaland. Resten kom frå Rogaland og Nord-Vestlandet. Litt over halvparten blir til konstruksjonsvirke, reisverk og kledning til nye bustadar, primært for marknaden i Hordaland. I tillegg produserer bruket materiale til pallar og emballasje, og biprodukt som celluloseflis, bark og sagmugg.

Hordalands-marknaden viktig
Moelven-konsernet kjøpte Granvin Bruk i 2010, og bruket er no ein del av Wood-divisjonen som utviklar og produserer bygg- og interiørprodukt. – Ein av grunnane til at Moelven valde å satse på Granvin då dei kjøpte seg inn i 2010, var at Hordaland og områda rundt er ein av dei største marknadene til Moelven, fortel Langhelle. Ei anna viktig årsak er kompetansen og kunnskapen dei tilsette har om foredling av vestnorsk kulturgran.  – Utan denne kompetansen kunne vi ha blitt eit distribusjonssenter mot den vestnorske marknaden for resten av konsernet, i staden for å produsere sjølve, seier han.

Produksjonsrekord
Wood-divisjonen i Moelven har ein todelt strategi: Å effektivisere si eiga drift, mellom anna gjennom målretta investeringar, og auka foredlingsgrad og produktutvikling.  Dei vonar på ein produksjon opp mot 68 000 m3 i 2014. Då treng bruket fleire tilsette for å få alt gjennom høvleriet, og Langhelle seier dei truleg vil tilsetje eit årsverk til om kort tid. Med ca. 56 prosent tørt skurutbyte, ligg dei tett opp mot det maksimale av det ein kan få ut av stokkane. Ytterlegare effektivisering handlar om å forbetre produksjonsprosessane. Ved Granvin Bruk er det gjort vesentlege oppgraderingar i teknisk utstyr og programvare for å auke produktivitet og produsere varer av høgare kvalitet.

Verksemda har investert rundt 15 millionar kroner i den nye saglinja. – Produksjonen per år har auka med 10–15 000 m3 med det nye utstyret, i tillegg til at kvaliteten og utbytet er blitt endå betre, forklarar Langhelle . – Det har vore nokre utfordringar med å få alt til å virke optimalt, men i år ser det ut til at vi greier å utnytte utstyret fullt ut. I april hadde vi produksjonsrekord med over 24 m3 ferdig trelast per time. Det er over 3,6 m3 meir per time enn gjennomsnittet i 2013. Dersom resten av året går like godt, vil vi prestere over budsjettet, fortel Langhelle fornøgd.

 
Tilbake til hovudartikkel