Myrkdalen Hotel

HEILÅRSHOTELL: Myrkdalen Hotel vart ein suksess frå første vinter. Dei kan skryte av å stå på lista over verdas beste nye fjellhotell. Foto: Myrkdalen Hotel.

Myrkdalen Hotel

Eventyrleg vinter

Det starta med eit skitrekk og sal av heimelaga mat. I dag har Voss Fjellandsby vorte sjølve drivkrafta i det lokale næringslivet. Det siste tilskotet i destinasjonen, Myrkdalen Hotel, er allereie verdskjend. 

Det nye hotellet ligg så nær alpinanlegget i Myrkdalen som det går an å komme. Då det opna 15. november i fjor, var Elin Bolann i Voss Fjellandsby spent på korleis folk ville reagere. Men den første vintersesongen har vore eventyrleg. – Det har gått over all forventing fram til no, fortel Bolann, som er konsernsjef for Voss Fjellandsby. – Vi har godt belegg heilt fram mot sommaren.

I verdsklasse
Myrkdalen Hotel har alt nådd å bli omtalt i det amerikanske magasinet "Travel+Leisure" som har nesten 5 millionar lesarar. Magasinet har kåra hotellet til eit av dei 13 beste nye "mountain resorts" i verda.

Med seriøse eigarar som vågar å satse og tenkje framover ser Elin Bolann lyst på framtida. – Eigarane våre har sjølve reist omkring og henta idear og inspirasjon frå inn- og utland. – Dei har fått til å skape eit spesielt hotell med internasjonale kvalitetar, samstundes som det har eit lokalt preg, seier Bolann. – Det har vore ei medveten satsing på kvalitet. Vossingen Nils Akselberg, tidlegare leiar av Voss Fjellandsby, var saman med hotelldirektør Dag Koppervik viktige drivkrefter bak satsinga.

Hotell for fire årstider
For å klare seg er hotell i distrikta avhengige av å ha fleire bein å stå på. Myrkdalen Hotel held ope kvar einaste dag gjennom heile året og rettar seg mot fleire kundesegment. I helgene er det familiar og folk som skal i alpinbakken, medan vekedagane er dominerte av kurs, seminar og arrangement.   – Helgene sel nærast seg sjølv. Vekedagane krev meir marknadsføring, seier Bolann.

Alpinbakken i Myrkdalen er open fram til mai. Men det er ikkje berre fjellet som skal trekkje gjestar. Hotellet ligg midt i hjarta av Norges mest sentrale turistdestinasjonar. Sognefjorden og Nærøyfjorden ligg nokre mil unna den eine vegen, Hardanger nokre mil unna den andre vegen. – Saman med Voss Fjellandsby legg vi til rette for aktivitetar året rundt som vi har god von om å lukkast med, seier Bolann. – Sidan vi ikkje ligg på høgfjellet kallar vi oss alpinhotell i staden for høgfjellshotell. Lokaliseringa i Myrkdalen gjer óg at vi når eit mykje større publikum enn dei tradisjonelle høgfjellshotella. Og planane for Myrkdalen stoppar ikkje her. – Hotellet er ein del av ein masterplan for Voss Fjellandsby, ein alpin landsby til heilårsbruk. Det dreier seg om ei utvikling frå hytteby til destinasjon med ei planlagt utbygging 10 – 15 år framover.

Tilsette frå 12 land
Som dei fleste distriktshotell i Noreg er også Myrkdalen Hotel ein internasjonal arbeidsplass.  Hotellet har i dag mellom 50 og 60 tilsette, men i heile destinasjonen er det til saman 170 medarbeidarar. – Vi opplevde litt vanskar med å rekruttere dei rette medarbeidarane, men det ordna seg. I dag har vi tilsette frå 12 land. Eit uheldig direktørskifte for kort tid sidan har også sett sitt preg, men vi har no tilsett reiselivsveteranen Knut Kettermann som mellom anna har vore direktør ved Fleichers Hotel på Voss. Vi er svært heldige som har fått Kettermann med på laget.

Eigen serviceskule
Bolann fortel at dei først og fremst ønskjer seg lokal arbeidskraft til hotellet. – Til stillingar på alle nivå startar vi med å bruke våre lokale nettverk når vi skal rekruttere. Vi nyttar også nasjonale nettverk til stillingane som kjøkkensjef og kokkar, sidan dette ofte er folk som er mobile og ikkje har noko i mot å busetje seg ein annan stad i landet. Voss Fjellandsby har også inngått ein strategisk allianse med Aurland Ressursutvikling i Flåm. – Der samarbeider vi om arbeidskrafta sidan vi har motsett hovudsesong. I vinter hadde vi rundt 15 sesongarbeidarar frå Flåm.

Det er likevel ikkje alltid lett å finne det rette kompetansenivået på sesongarbeidarar, noko som kan gå ut over servicenivået i destinasjonen. Men i Myrkdalen har dei laga si eiga løysing på problemet. – Til hausten startar vi Myrkdalen Serviceskole, seier Bolann. – Det er ein modulbasert serviceskule som alle tilsette må gjennom. På denne måten vil vi kunne heve kompetansenivået i alle ledd i konsernet.

Tilbake til hovudartikkel