NAV Eures

NAV Eures

Hjelper til å rekruttere

NAV Eures arbeider på tvers av landegrensene i EU/EØS-landa. Oppdraget er gitt frå EU-kommisjonen og dei lokale arbeidsgjevarane: Dei skal betre arbeidsmobiliteten i EU. – Vi dekkjer alle kompetanseområde som blir etterspurd i arbeidsmarknaden, seier Stig Løland, rådgjevar i NAV Eures. Han hjelper verksemder å rekruttere arbeidskraft frå EU/EØS-området. – Den siste tida har det vore stor pågang frå olje- og gassverksemdene i fylket. Det er særleg godt utdanna spesialistar og folk med fagbrev verksemdene ynskjer. Løland gir òg råd til dei som ønskjer å reise ut or Hordaland. Men det som særpregar Eures er at tenesta er retta mot arbeidsgjevarane. –Nettverket av rådgjevarar strekkjer seg over heile Europa og har meir enn 800 tilsette. Vi er to her i Hordaland som arbeider med rekruttering og tilbyr informasjon om den norske arbeidsmarknaden, sosiale og kulturelle høve og liknande.

Eures sine tenester er gratis. Det er først og fremst små og mellomstore verksemder som ber om hjelp, medan dei store ser ut til å klare seg bra på eiga hand. – Dei som kjem til oss treng som oftast hjelp til å finne spesielle faggrupper. I fjor lyste vi ut omlag 1500 stillingar. I år er vi oppe i rundt 600 allereie etter tre og ein halv månad. Løland seier rekrutteringa av utanlandsk arbeidskraft har endra seg. – Tidlegare gjekk vi ut og søkte etter spesielle grupper av arbeidstakarar. No fokuserer vi langt meir på den enkelte og deira kvalifikasjonar.

Tilbake til hovudartikkel