NAV Eures

NAV Eures

Nettverket som knyt Europa saman

- Oppgåva vår er å fremje arbeidsmobiliteten på tvers av nasjonale grenser i EU sin indre marknad, seier Susan Merill Stavøstrand. Ho er rådgjevar i det EU/EØS-baserte nettverket Eures ved NAV-kontoret i Sogn og Fjordane. Eures er tilknytt offentlege arbeidsetatar i EU/EØS-landa, med meir enn 800 tilsette over heile Europa. Eures og Stavøstrand si rolle er å hjelpe verksemdene i fylket med å rekruttere kvalifisert arbeidskraft frå EU/EØS-området. - Dette fylket har mange små og mellomstore bedrifter som treng hjelp med å rekruttere kvalifiserte arbeidstakarar frå andre land, seier Stavøstrand.  Ho hjelper òg verksemdene med spørsmål knytt til rettar og plikter overfor arbeidssøkjarane og vice versa. Eures gir òg råd både til dei som ønskjer å reise ut frå fylket, og til arbeidssøkjande frå utlandet som vil vite meir om korleis det er å arbeide og bu i Sogn og Fjordane og det norske samfunnet.

Gjennom Eures har NAV også bygt opp ein database over arbeidssøkjarar og deira kvalifikasjonar. Denne kan verksemdene òg bruke på eiga hand. – Denne er til stor nytte for verksemdene i fylket, seier Stavøstrand, som hittil i år allereie har formidla minst 20 personer frå andre EU/EØS-land til arbeidsgivarar i Sogn og Fjordane. I 2011 kom tenesta først i gang i mai, men i løpet av dei resterande månadene i fjor formidla Eures i Sogn og Fjordane 90 stillingar for lokale verksemder, der 70 meldte tilbake med positivt utfall. Truleg er talet høgare sidan ikkje alle arbeidsgivarar melde tilbake om utfall av utlysinga.

Tilbake til hovudartikkel