NLI Odda

NLI Odda

Trekkjer folk til Odda

- Det kan samanliknast med å byggja eit jetfly samtidig som det er i lufta, seier Ingvald Torblå. NLI har auka arbeidsstokken frå 70 til 120 tilsette dei seks åra han har vore administrerande direktør her, og Torblå håpar det neste året å utvide med ytterlegare 30 personar. Men med framgangen kjem òg veksesmertene. – Vi har mange svært spesialiserte stillingar der vi slit med å få tak i dei rette folka. Det gjeld alt frå ingeniørar til teknikarar og operatørar.

Mykje av rekrutteringa skjer difor utanlands, i første rekkje frå Aust-Europa. – Dei har vore viktig for den veksten vi har opplevd dei siste åra, seier Torblå. – Dei har stå-på vilje og arbeider godt. Eit tjuetals personar frå 8 ulike land har funne vegen til vesle Odda og NLI. Dei fleste har blitt verande og er i dag ein integrert del av lokalsamfunnet.

Men til ingeniørstillingar rekrutterer verksemda flest nordmenn. Kva då med ingeniørmangelen som alle ropar om? – Det er klart det er ei utfordring. Men som ei av få vekstbedrifter i regionen er vi i ein unik situasjon, fordi det gjer oss synlege, svarar Torblå. Gjennom programmet Flytt til Hardanger har dei lukkast med å hente heim utflytta hardingar. Berre i fjor rekrutterte dei fire tilsette på denne måten. - Stabil arbeidskraft, meiner Torblå.

Fakta om NLI ODDA:
NLI Odda er eitt av 14 selskap i NLI gruppa, og ein del av konsernet sin olje- og gassdivisjon. Verksemda blei etablert i 1977 av Kongsberg Våpenfabrikk AS, og er i dag verdsleiande på fabrikasjon, montasje og test av subsea-termineringshouvud. Deira hovudkunde er FMC, verdas største leverandør av subsea-system. NLI Odda omsette i 2011 for 220 millionar kroner. I 2008 vart verksemda vald til Årets leverandør av FMC Technologies.

Tilbake til hovudartikkel