Odda

Odda

«Feilstinget i Hardangersaumen»?

 

Visste du at Odda for 50 år sidan var den mest moderne «byen» i Noreg?

Dei over 10 000 innbyggarane i kommunen hadde ny og stor symjehall, flott kino med plass til 550 personar, eit av landets beste bibliotek og eit moderne sjukehus. I tillegg hadde dei tre store fabrikkar som gav trygge og gode arbeidsplassar for godt over 1800 personar. I dag er situasjonen annleis. Smelteverket gjekk konkurs for 10 år sidan, og folketalet har falle til rundt 7000. Det gjer noko med eit lokalsamfunn.

Butikkdød i sentrum?
– Odda er ikkje «feilstinget i Hardangersaumen», slik Frode Grytten hevdar, seier regionrådsleiar Leiv Vambheim. – Odda er viktig som nav i Hardanger med sitt mangfald av arbeidsplassar. Det har til og med vore ein auke i talet på arbeidsplassar det siste året. Odda er ein viktig motor med omsyn til arbeidsplassar og tilflytting. Næringslivet i kommunen er i dag oppegåande og leverer mellom anna til den veksande subseamarknaden. Det som ikkje fungerer bra i Odda er varehandelen. Den eine butikken etter den andre i Gågata blir lagd ned – om ikkje lenge blir bokhandelen òg nedlagd. Regionsenteret fungerer ikkje som eit regionalt handelssentrum, seier han. 

Varehandel er definitivt ei stor utfordring for Odda (sjå òg «Ingen sure miner i Hardanger»). Varehandeltilbodet er mykje mindre enn det ein kan vente å finne i eit regionsenter, og det vert stadig mindre. Slik var det ikkje for 40–50 år sidan då handel og industri gjorde Odda til landets mest moderne kommune. Odda var storstaden i Hardanger. Sidan slutten av 1970-talet har kommunen mista både industriarbeidsplassar, butikkar, statlege arbeidsplassar og innbyggjarar.

Uviss framtid
Oddingane er glade i å vere usamde, og det dei er mest usamde om er framtida til Smelteverkstomta. Skal det bli UNECO-minnesmerke, bustadområde, næringsområde – eller litt av kvart? Mange meiner det bør byggjast eit kjøpesenter på området. Andre er redd eit kjøpesenter vil gje dødsstøyten til det gamle og byliknande sentrumsområdet i Odda. Vambheim meiner at om skal ein lukkast med å utvikle Odda som eit regionsenter, må politikarane våge å ta sjansar. Akkurat det er nok heile Odda og halve Hardanger samd med han i.

– Forklaringa på butikkdøden er netthandel og at ingen her vågar å satse, meiner Jan Ove Aasen og Ranveig Capjon, styreleiar og nestleiar i Odda SMB, det lokale næringslivsrådet i Odda med over 60 medlemsbedrifter. Dersom det stemmer, kan det sjå mørkt ut for varehandelen i regionsenteret. Varehandelen  er viktig av fleire grunnar – næringa sysselset mange ufaglærte og sørgjer for omsetnad, og varehandel er med på å skape liv i gatene og får folk på gjennomreise til å stoppe. Eit Odda sentrum som er tømt for butikkar er lite attraktivt, både for fastbuande og tilreisande. 

Ingen panikk
Det er inga krisestemning blant bedriftene i Odda, snarare tvert i mot. Den store underskogen av industribedrifter som har vakse fram etter at Odda Smelteverk gjekk konkurs i 2003 er i stor grad anten underleverandørar til dei to største industriverksemdene i kommunen, Boliden («Zinken») og TTI (Tizir Titanium & Iron AS) i Tyssedal. Boliden produserer sink, svovelsyre og aluminiumfluorid, medan TTI produserer titanrikt slagg og jern. – Den lokale leverandørindustrien til Boliden og TTI har stor psykologisk effekt lokalt, fortel Jan Ove Aasen og Ranveig Capjon. – Boliden gjort har store investeringar og oppgraderingar i den seinare tida, mellom anna er det sprengt ut nye fjellhallar til rundt 380 millionar kroner. Sinkmarknaden er i vekst, og sink er i dag svært lønsamt å produsere. Dette slår godt ut for leverandørindustrien her i Odda, fortel dei.

Den andre store verksemda i Odda, Tizir Titanium & Iron – TTI (link til artikkel i fjor) har i dag om lag 170 tilsette og er eit «joint venture» mellom det franske selskapet Eramet og det australske Mineral Deposits Limited. Dei produserer titanrikt slagg og jern for verdsmarknaden. Råstoffet får dei frå Senegal. Fabrikken i Tyssedal skal doble produksjonen, redusere CO2-utsleppa med 90 prosent, bruke energien 60 prosent meir effektivt og opprette opptil 100 nye arbeidsplasser. – TTI har òg vedteke å flytte store delar av administrasjonen sin til Tyssedal, noko som vi ser på som svært positivt for regionen, seier Aasen og Capjon.

I dette arbeidet er Innovasjon Norge sterkt inne med stønad til utvikling av nye prosessar med å minimere og minske utslepp frå produksjonen. – Oddabedriftene er konkurransedyktige. Olje-Noreg sine lønningar har ikkje nådd Odda i fullt monn. Sjølv om det er mange som arbeider i olja, er det mange yrkesaktive som ønskjer landbasert industri som arbeidsplass. Dette kan Odda og Hardanger tilby, seier Jan Ove Aasen.

High-tech i Hardanger
Fleire Oddabedrifter er knytt opp mot den ekspanderande og spanande subsea-næringsklynga i Hordaland, blant anna NLI, Odda Mekaniske, OCT (Odda Coating Technology), Odda Plast (link til artikkel i fjor) og Sharecat Solutions AS. Dette er høgteknologibedrifter som vågar å satse og som har investert i produksjonslokale og produksjon. Odda er i høgste grad med på det som skjer i Nordsjøen.

Jan Ove Aasen meiner alt ligg til rette for å etablere ei energiklynge i den gamle energistaden som vaks fram i det førre hundreåret grunna god og rimeleg tilgang på vasskraft – den viktigaste energikjelda i Noreg på den tida. – I dag er det ein vesentleg energiproduksjon i Odda og området rundt, seier han. – Innan 1,5 times køyring frå Odda finn vi 25 prosent av energiproduksjonen i landet.  Ei slik klynge bør romme kontrollfunksjonar, entreprenørar og energirelaterte bedrifter. Statkraft og Odda Energi investerer 500 millionar kroner i Skjeggedal, og Odda kommune har investert 100 millionar kroner. Vi har eit godt utgangspunkt!

Destinasjon Odda
Ved førre hundreårsskiftet var Odda blant dei viktigaste reiselivsmåla i landet. Så kom industrien. I dag er det mange både i Odda og i reiselivsnæringa som ser eit stort potensiale i Odda som reiselivsmål. – Reisemål Hardanger Fjord tok til å bruke Trolltunga som hovudbilete i all marknadsføring av Hardanger frå 2010, fortel Hans Jørgen Andersen i Reisemål Hardangerfjord AS. –  Jostein Soldal i Opplev Odda har gjort en kjempejobb med etablering av via ferrata ruter (klatrestiar, red. anm.) i Tyssedal og til Trolltunga, og har også gjort ein framifrå jobb med presse og PR. I fjor gjekk over 20 000 denne turen, og vi reknar med ein kraftig vekst i år. For fem år sidan var det berre nokre hundre kvart år, seier han.

– Utbyggingsplanane til Røldal skisenter er viktige for å utvikle bygda til ein skidestinasjon på den internasjonale marknaden. Overnattingskapasiteten i Røldal har blitt stor i løpet av få år. Her er det senger som skal fyllast både sommar og vinter, legg han til. Andersen understrekar at godt samarbeid mellom alle dei involverte partane er avgjerande i åra framover for å finne gode løysingar for å gje turistane som kjem til Trolltunga og Hardanger ei god oppleving. – Alle tilreisande Odda trekk til seg vil kome Hardanger og heile Hordaland til gode, seier han.

Det er mange som har reiselivsplanar i Odda og indre Hardanger, men det er få som tør realisere dei. Reiselivssjef i Odda, Jan Helge Oppedal, har uttalt at «Odda kan verte Nord-Europas sitt svar på Alpane» dersom ein byggjer gondolbaner frå Odda sentrum og til fjells og tek opp att planane om å ta i bruk den gamle trallebana i Skjeggedal. Randi Bårdtveit i NCE Tourism - Fjord Norway stør ideen om omkamp om Trallebanen, men ser også destinasjonsutvikling og varehandelutvikling som to sider av same sak. – Gjennom å satse på reiselivsutvikling i Odda sentrum vil ein også få opp varehandelen. Kjøpesenter kan vere vel og bra, men det er viktigare å satse på utvikle næringar i det gamle sentrumsområdet, meiner Bårdtveit. 

Tilbake til hovudartikkel