Offentleg-privat samhandling

SPESIALISERT SUKSESS: Magnar Høyvik, dagleg leiar i Avans, ønskte å sjå utanfor fylkesgrensa etter nye kundar. Han valde å satse smalt. Foto: Avans AS

Avans

Ei framtidsretta bransjeløysing

Dei starta som regional forhandlar av økonomisystemet Visma. Men når Avans blei tvungen til å tenkje kreativt, vaks verksemda til å bli ein av Norges leiande leverandørar innan si nisje.

– Vi ville finne eit produkt som gjorde oss i stand til å konkurrere utanfor fylket,  seier Magnar Høyvik, dagleg leiar i Avans. Tidlegare var marknaden avgrensa til Sogn og Fjordane. No har dei spesialisert seg på å levere bransjeløysingar til rehabiliteringsinstitusjonar og attføringsverksemder i heile landet.  Der dekkjer dei høvesvis 30 og 34 prosent av den nasjonale marknaden.

Ba om nye løysingar
At valet fall på nettopp rehabilitering og attføring, kan verksemda delvis takke Hauglandssenteret for. – Dei hadde behov for å vidareutvikle sitt journal- og bookingsystem, fortel Høyvik. – Det eksisterande systemet deira var brukarvennleg og hadde mange gode element i seg, men dei teknologiske løysingane var ikkje optimale.

Satsa på eigne idear
Gjennom eit forprosjekt støtta av Innovasjon Norge utvikla selskapet eit heilt nytt journalsystem basert på programmet som Hauglandssenteret brukte. Hauglandssenteret og Åstveit helsesenter i Bergen blei brukte som pilotar. Resultatet blei programvaren Journal, eit komplett system for pasientadministrasjon. Selskapet valde då å selje Visma-delen, få inn frisk kapital og satse for fullt på rehabilitering.

I 2007 fekk selskapet på ny støtte frå Innovasjon Norge. Denne gongen gjennom ei IFU-kontrakt, Industriell forskings- og utviklingskontrakt, i samarbeid med Beitostølen helsesportsenter. Saman utvikla dei ein tilleggsmodul til Journal-systemet, ein såkalla ICF-modul. – ICF er eit klassifiseringssett for kartlegging av sjukdomstilfelle med vekt på pasienten si funksjonsevne og samspel med omgjevnadene, fortel Høyvik. Utviklinga hadde utgangspunkt i arbeidsmetodikken som Beitostølen helsesportsenter nyttar. – Her har dei vore ein av pionerane, og vi er dei første som har utvikla eit journalsystem basert på same metodikk, seier Høyvik.

I bruk i heile landet
I dag har journalsystemet 250 brukarar fordelt på 10 rehabiliteringsinstitusjonar over heile landet. Avans har i tillegg utvikla ei programvare retta mot attføringsverksemder, Ad-Opus. 1000 personar brukar dette systemet i dag, fordelt på 38 verksemder. – Vi innsåg at vi var avhengige av nye nisjar for å vekse. Med mindre tilpassingar kan produktet vårt også brukast innanfor andre delar av helsesektoren, til dømes rusomsorg.

Takkar støttespelarar
Målet er gradvis vekst. – Eg ser for meg ein omsetnadsvekst på ein halv til ein million årleg. Vi vil også trenge fleire folk med kompetanse og erfaring frå helsesektoren, seier Høyvik. Han legg ikkje skjul på at samarbeidet med Innovasjon Norge har vore heilt avgjerande for selskapet si utvikling. – Vi hadde ikkje vore den verksemda vi er i dag utan samarbeidet med Innovasjon Norge. Som Visma-forhandlar sysselsette vi to årsverk. I dag utgjer aktiviteten 7,5 årsverk og vel 5,2 millionar i omsetnad. Det er eit direkte resultat av Innovasjon Norge si støtte.

Tilbake til hovudartikkel