Offentlege innkjøp

ENKLARE INNKJØP: – Målet er at alle våre innkjøp på sikt skal bli gjort elektronisk, seier Katrine Wilson, prosjektleiar for e-handel i Fylkeskommunen.

E-handel

E for effektiv

Netthandelen brer om seg. No vil også staten handle på enklaste måte - og tar i bruk e-handel for offentlege innkjøp.

– E-handel er framtida, seier Katrine Wilson, prosjektleiar for e-handel i Sogn og Fjordane fylkeskommune. – Målet er at alle våre innkjøp på sikt skal bli gjort elektronisk.
Elektronisk handel er ein del av arbeidet med å effektivisere offentleg sektor. Statlege verksemder er allereie pålagde å ta i bruk e-handel. Kommunar blir oppmoda om å gjere det same. Offentlege verksemder som ønskjer å innføre e-handel, kan få økonomisk støtte frå Direktoratet for forvaltning og IKT (Difi). Dei har delvis finansiert prosjektet i Sogn og Fjordane.

Skal vere enkelt
Ordninga med e-handel inneber kort sagt å ta i bruk elektroniske verktøy i planlegging, gjennomføring og oppfølging av eit kjøp. I si enklaste form handlar det om at leverandør mottar ordren på e-post i ein gitt mal og at han må fakturere kunden elektronisk. – Leverandørar vi ikkje har avtalar med vil måtte tilby dette som eit minimum, seier Wilson. Ho understrekar at innføringa av e-handel ikkje skal gjere det vanskelegare for mindre lokale leverandørar å vinne fram. Ei e-postadresse er alt som skal til for å oppfylle minimumskrava. 

Tener også leverandørane
Ei meir kompleks løysing inneber at leverandøren tilbyr elektroniske produktkatalogar der kjøpar kan gjere bestillingane direkte. – Vi vil etter kvart krevje at dei leverandørane vi har rammeavtale med tilbyr ei slik løysing, seier Wilson.

For leverandørane inneber dette ei eingongsinvestering på opp mot 30 000 kroner. – Med tanke på at andre offentlege verksemder vil ha same krav, er ikkje det ei stor investering. Leverandørane vil også kunne tene på det. Systemet gir betre ordrekontroll og aukar kundens lojalitet til eventuelle rammeavtalar, seier Wilson. Mange av dei store verksemdene i fylket har allereie knytt seg opp mot plattforma. TINE, Nortura og Brødrene Dahl har alle røynsle med den såkalla katalogløysinga.

Betre kontroll
Gevinstane ved e-handel er mange, i følgje Wilson. – Det handlar først og fremst om betre internkontroll. E-handel gir oss betre oversikt over innkjøpa våre og større lojalitet til rammeavtalane. Ei studie som fylkeskommunen gjorde i 2012 om lojalitet til rammeavtalar, avdekka eit stort potensial for betring.

Førebels er  det berre Flora kommune og Nordfjord-kommunane som har tatt i bruk e-handelssystemet. Fylkeskommunen og Indre Sogn skal slutte seg til i løpet av mars. Målet er at heile fylket skal ha tatt i bruk plattforma innan utgangen av 2015. Men det vil framleis ta fleire år etter dette før løysinga blir tatt i bruk med alle leverandørane.

Tilbake til hovudartikkel