Offentlege innkjøp

SMARTARE INNKJØP: – Vi vil få det offentlege til å tenkje nytt om innkjøp, seier Marit Gjerstad, prosjektleiar for programmet for leverandørutvikling i NHO Sogn og Fjordane. Foto: NHO Sogn og Fjordane

Program for leverandørutvikling

Inviterer til innovasjon

Smartare og meir effektive offentlege innkjøp. Det er målet for leverandørutviklingsprogrammet som NHO og KS no startar opp i fylket.

– Offentleg sektor kjøper varer og tenester for 400 milliardar i Norge. Det er viktig at desse pengane blir brukt på best mogleg måte, seier prosjektleiar Marit Gjerstad i NHO Sogn og Fjordane.

Målsetjinga er klar: Programmet skal bidra til meir innovasjon i offentlege innkjøp. Det handlar mellom anna om å gjere det offentlege meir bevisst på kva behov dei ønskjer å dekkje gjennom innkjøpa sine. Til det trengst smarte og funksjonelle utlysingstekstar. – Eg har inntrykk av at det er ein del gjenbruk av utlysingstekst i kommunar rundt omkring, seier Gjerstad. – Mange stader er det ein kultur for å gjere innkjøp på same måte som ein alltid har gjort.  Vårt mål er å få det offentlege til å tenkje nytt om innkjøp.

Programmet som starta opp nasjonalt i 2010, er enno heilt i startgropa i Sogn og Fjordane. Planen er å kome skikkeleg i gang i løpet av det neste halve året. Tilbodet omfattar mellom anna kurs for rådmenn og ordførarar og workshops for offentlege innkjøparar.

NHO har også utvikla ein mal for dialogmøte mellom det offentlege som kunde på den eine sida og leverandørmarknaden på den andre. Prosessen legg opp til at partane går i dialog så tidleg som mogleg i prosessen, gjerne 2-3 år før sjølve innkjøpet, avhengig av kva kjøp det er snakk om. – Kjøpar kan ikkje sjølv invitere enkeltleverandørar til dialogmøte, men skal kunne melde inn sine behov til ein regional koordinator som fungerer som bindeledd til leverandørmarknaden, seier Gjerstad. – Deretter kan koordinator invitere inn alle relevante leverandørar til eit fysisk møte der kunden får leggje fram sine behov. Slik får han kjennskap til den nyaste teknologien, produkta og tenestene i marknaden. Kanskje fører det til eit OFU-prosjekt (offentleg forskings- og utviklingskontrakt), dersom det viser seg at det produktet som best svarar til kundens behov ikkje finst i marknaden. På denne måten kan programmet også bidra til auka innovasjon i næringslivet.

Tilbake til hovudartikkel