Offentleg-privat samhandling

KOMPLETT LØYSING: Dagleg leiar John Tonheim (t.h.) starta i det små. No hjelper han og driftssjef Gaute Pedersen kommunar, fylkeskommunar og private verksemder over heile landet med kvalitetsstyring. Foto: KvalitetsLosen AS

KvalitetsLosen

Orden på systemet

Det starta med eit prosjekt for Høyanger kommune i 2004. I dag leverer KvalitetsLosen kvalitetsstyringssystem til offentlege og private kundar over heile landet.

– Offentleg sektor utgjer 75 prosent av marknaden vår, seier dagleg leiar John Tonheim. Sidan starten i 2004 har verksemda vakse jamt, og omsetnaden er i dag på 15 millionar kroner. Verksemda har kontor i Høyanger, Bergen og Oslo. På kundelista finn ein kommunar, fylkeskommunar og fylkesmenn. Oslo og Tromsø er blant dei større kommunane som nyttar systemet til KvalitetsLosen. Det same gjer kring halvparten av kommunane i Sogn og Fjordane. Også ei rekkje private verksemder innan olje, engineering og shipping har kjøpt tilpassa kvalitetsstyringssystem frå KvalitetsLosen. – Det er i privatmarknaden veksten kjem til å kome framover, seier Tonheim.

Avgjerande OFU-kontrakt
Historia byrjar i 2004. Då starta Tonheim eit samarbeid med Høyanger kommune om å digitalisere kommunen sitt internkontrollsystem. KvalitetsLosen blei etablert same år, og ikkje lenge etter inngjekk selskapet ein avtale med Kommunal- og regionaldepartementet om å delta i Stifinnarprosjektet. Prosjektet var ein del av arbeidet med å modernisere offentleg sektor og sju kommunar var med. Parallelt starta KvalitetsLosen arbeidet med å utvikle løysingar for kvalitetsstyring som kommunar kunne ta i bruk seinare. – Vi fekk ei kontrakt  frå Innovasjon Norge som var ekstremt viktig i utviklingsfasen, seier Tonheim. Kontrakten var ei OFU-kontrakt, ei offentleg forskings- og utviklingskontrakt, som gav selskapet 500 000 kroner i utviklingsstøtte. I tillegg satsa selskapet ca. 2 millionar av eigne middel og eigeninnsats.

Modulbasert plattform
Resultatet blei eit kvalitetsstyringssystem som i dag blir nytta av 300 000 personar. – Våre system gjer det mogleg å gjennomføre aktivitetar i høve til lovkrava, med god kvalitet og med rett ressursinnsats, seier Tonheim. – Kommunar har same lovgiving å halde seg til, difor har det vore lett å standardisere produktet til deira behov.

Til saman inneheld plattforma fem valfrie modular. Det byrja med ein modul for avvikshandsaming og ein for dokumenthandsaming som blei utvikla i samarbeid med Høyanger kommune. Sistnemnde omfattar mellom anna prosedyrar for dei ulike arbeidsoppgåvene kommunen skal utføre, og ei database der kommunane kan hente ut beste praksis. – Det handlar om alt frå utdeling av medisin til riktig handsaming av byggesakssøknader, seier Tonheim. Seinare har selskapet utvikla modular for verksemdsstyring, risikoanalyse og lean – ein modul for å optimalisere ressursbruk i verksemda. Gjennom systemet kan kommunar også utarbeide årshjul og beredskapsplanar. Alle modular er utvikla i samarbeid med éin eller fleire kommunar.

Samarbeid med Innovasjon Norge har vore avgjerande også i seinare fasar. –  Innovasjon Norge er ein viktig partnar i våre innovasjonsprosjekt. Dei har vore spreke, seier Tonheim. – Særleg med tanke på at vi sel noko som sit i hovuda til folk.

Totalleverandør
KvalitetsLosen har også konsulenttenester, kursverksemd og kompetanse til å gjennomføre ISO-sertifisering. – Det at vi er ein komplett leverandør gjer at vi ofte vinn fram i konkurransar. Hos oss får kundane alt på ein stad, seier Tonheim.

Tilbake til hovudartikkel