Oljeselskapa satsar på Florø

OLJESENTRUM: Aktiviteten i oljenæringa i Florø er venta å vekse dei neste åra. GDF SUEZ, Statoil og BG Noreg har alle planar for vekst. Foto: Harald M. Valderhaug.

Petroleumsnæringa

Oljeselskapa satsar på Florø

 

Ei av tre verksemder som seier at dei har oljerelatert omsetnad, held til i Flora kommune. No satsar dei store oljeselskapa i Norges vestlegaste by.

– Gjøa har blitt eit viktig satsingsområde for GDF SUEZ, fortel selskapets leiar i Florø, Oddvar Aarberg. Saman med Statoil og BG Norge er det franske oljeselskapet viktig for den veksten som er venta å kome i Florø-området dei neste åra. Produksjonen på Gjøa-feltet kan halde fram i 16-17 år til, sa selskapets kommunikasjonssjef Ulf Rosenberg til nettstaden petro.no i november (23.11.2012). Florø fungerer dessutan som forsyningsbase for all aktiviteten GDF SUEZ har i Norge. Blir det oljeboring i nord, vil basen i Florø bidra med logistikktenester. I tillegg satsar BG Norge i Florø, med 15 nye arbeidsplassar i juni, og Statoil har planar om å forlenge levetida til Snorre-feltet fram mot 2040. Alt dette lovar godt for regionen framover.

Drivkrafta Statoil
Også Statoil er opptatt av at meir av verdiskapinga skal skje i Florø og Sogn og Fjordane. Det seier leiar i Statoil Florø, Sigurd Øistein Døsen. Berre det siste året har Statoil rekruttert 10 nye medarbeidarar. Dei vil truleg trengje fleire dei neste åra. – Vi ventar ein jamn, men moderat vekst. Men det er vanskeleg å spå lenger fram enn to-tre år, seier Døsen. Veksten vil først og fremst kome hos Statoil sine underleverandørar. Døsen anslår at ein Statoil-tilsett svarar til ca. sju til åtte medarbeidarar hos leverandørane. Det inkluderer alt frå reine oljeservice- og subseatenester til røyrhandtering, lager, catering og tekstilar. Saman med underleverandørar utgjer Statoil om lag 85 prosent av totalaktiviteten ved Florø-basen. Med sine 51 tilsette har selskapet i dag aktivitet mot 27-29 installasjonar frå basen i Florø. Forutan felta Snorre og Visund, der Florø har totalforsyninga, har dei delt forsyningsløysing med Ågotnes mot felta Statfjord, Gullfaks, Veslefrikk, Huldra og Kvitebjørn. Røyrforsyninga til Troll og Oseberg blir òg styrt frå Florø. I tillegg nyttar Statoil Florø-basen som sentrallager for røyr til heile den norske sokkelen.

Snevre oppgåver
Til no har miljøet i Florø vore dominert av lager- og forsyningstenester. – Florø har ein effektiv base, gode kaiar og mange verksemder samla på ein stad, skryt Aarberg. Utfordringa er at det blir satsa lite på strategisk utvikling. – Mange av dei større leverandørselskapa har berre avdelingskontor på basen som i hovudsak er knytt til utførande oppgåver, seier Døsen. – Det gir mindre rom for strategisk utvikling og langvarig dynamisk vekst. Han ser det både som ei utfordring og ein moglegheit for regionen å få dei store leverandørselskapa til å satse tyngre på Florø som eit strategisk knutepunkt. Kanskje kan den nye subsea-utdanninga som er under oppbygging i Florø bidra til å gjere regionen meir attraktiv for verksemder som ønskjer å drive langsiktig utviklingsarbeid.

Tilbake til hovudartikkel