Optipro AS

STORE OLJEKUNDAR: Gründeren Bjørn Dahl har sjølv jobba offshore. No utviklar han ny teknologi til oljenæringa gjennom sitt selskap OptiPro i Stryn. Foto: OptiPro AS

Optipro AS

Siktar høgt

 

– Ein må kunne tilby noko unikt, og det ein tilbyr må vere av kvalitet i verdsklasse, seier Bjørn Dahl. Han har vist at det går an å skape petroleumsretta arbeidsplassar òg i distriktet. 

Utanfrå ser gründermiljøet i Stryn ut til å handle mest om traktorar og sjokkrosa herredressar. Men bygda ved Nordfjorden kan meir enn å produsere moteriktige klede. Stryningen Bjørn Dahl har satsa på framtidsretta oljeteknologi.

– Stryn er i ferd med å etablere seg som eit nyskapande og innovativt industrimiljø, meiner Dahl. Etter fleire års erfaring frå oljenæringa både offshore og på land, starta han selskapet OptiPro i 2009. – Eg skjønte at noko måtte gjerast for å betre HMS-tilhøva for mannskapet som arbeidde på reinseanlegget. Det var eit mannsslit, seier han om si eiga offshore-erfaring.

Innovativ industri
OptiPro har no åtte ingeniørar og mekanikarar i arbeid. Dei har utvikla eit produkt som aukar kapasiteten på filtreringsanlegget og betrar kvaliteten på borevæske, ein såkalla FeederBox. Samstundes tilbyr selskapet opplæring i primærreinsing av borevæske til personell på plattform og oppfølging av operasjon under boring av brønn. – Målet vårt er å betre HMS-tilhøva for borepersonellet og samstundes auke boretakta og framdrift under boring av brønn, fortel Bjørn Dahl.

Nyleg publiserte Petoro tal for tredje kvartal som syner at boretakta på norsk sokkel går ned. Selskapet uttrykkjer uro for produksjonsutviklinga på lengre sikt om trenden ikkje snur. Ny teknologi som den Optipro tilbyr kan vere ein del av løysinga. – Ved å optimalisere boreprosessen kan talet på brønnar per rigg per år aukast. Våre tenester og produkt kan bidra til dette, seier Dahl. Erfaring frå dei operasjonane selskapet har delteke i, syner at det er mogleg å levere ferdigstilt brønn framfor plan.

Store oljekundar
Trass sin låge alder har Stryn-verksemda allereie lukkast med å få fleire av dei store oljeselskapa som kundar. Forutan Statoil består kunderekkja så langt av Det norske oljeselskap, Wintershall Norge, Total Norge og Faroe Petroleum. – Sjølv om norsk sektor er hovudfokus, er målet på lengre sikt å rette blikket utover landegrensene. Vi har allereie vore på oppdrag i Brasil, fortel Dahl. Etterspurnaden tyder på at selskapet dekkjer eit viktig behov. Etter ein beskjeden omsetnad på 1,2 millionar første året, låg omsetnaden an til å runde 11 millionar i 2012. I dag har selskapet fleire patentsøknader inne og nye produkt er under utvikling. 

Utfordringar i startfasen
Førebels har ikkje omsetnadsauken gitt store utslag på botnlinja, men Dahl har tru på at det vil snu.  – Resultata våre før skatt viser litt av den utfordringa vi som gründerselskap har hatt mellom anna med å skaffe finansiering i tidleg fase, seier Dahl. – Men vi har hatt god støtte i Innovasjon Norge, som har hatt trua på ideane våre. Dei sit dessutan på viktig fagkompetanse om petroleumsnæringa. Det er heilt naudsynt for å forstå potensialet i selskap som sit med gode løysingar og innovative idear. Ikkje minst er det naudsynt for at fylket vårt skal kunne ta ein større del av inntektene som petroleumssektoren genererer.

Tilbake til hovudartikkel