Orange Offshore

Foto: Marcin Gala/Orange Offshore

Orange Offshore

Klatrar høgt på sokkelen

Berre sikra av ei sele heng ein mann på utsida av ein oljeplattform i Nordsjøen. Han er på jobb for Orange Offshore. Klatrarane frå det Bergensbaserte selskapet gjennomfører inspeksjonar på stader der andre må gje opp. Tenesta gjorde Orange Offshore til Gaselle-verksemd i 2011. - Mykje av arbeidet vårt er offshore, seier strategi- og marknadssjef Asle Wingsternes. – Men vi jobbar også for landbasert industri, mellom anna for verftsindustrien.

Orange Offshore er godkjent opplæringsbedrift i høve til ein ny norsk standard for «arbeid i tau» (NS 9600) og har oppretta eit eige opplæringssenter i Riga som lærer opp nye klatrarar. - Vi tener godt på det høge aktivitetsnivået i oljenæringa og har fleire gode år bak oss, seier Wingsternes. – Vi trur også at 2012 vil bli eit bra år.

Selskapet er ein del av konsernet Orange Group som også inkluderer Orange Helse som leiger ut personell til helsesektoren. Også systerverksemda har vore gjennom ei rivande utvikling, og blei utpeikt til «årets vekstbedrift» i 2011 av Dagens Næringsliv, DNB og PWC.

Tilbake til hovudartikkel