PAM

PÅ NETT: Gründerverksemda PAM utviklar nettløysingar som spelar på dei tradisjonelle butikkane sin styrke: den fysiske plasseringa. Foto: PAM

PAM

Kan netthandel styrke lokalbutikkane?

Korleis skal små, uavhengige butikkar som ikkje har ei kjede i ryggen overleve når stadig fleire kundar brukar nettbrettet og ikkje beina når dei skal shoppe? Ei gründerbedrift i Bergen tek utfordringa.

Dårleg butikk
2013 var eit svakt år for butikkhandel med klede, sko og vesker.  Samla sett opplevde bransjen ein nedgang i omsetnad på 0,9 prosent frå 2012 til 2013. I følgje E-barometeret til Virke var 21 prosent av detaljhandelen på nett i 4.kvartal 2013 klede, sko og accessoirar. Det vil seie at i dei tre siste månadane i året, der julehandelen står for ein stor del av innkjøpa, handla nordmenn klede, sko og personleg pynt for 1,6 milliardar kroner på nett.

Dei uavhengige butikkane blir heile tida minna om at dei må vere meir til stades på nettet enn dei er i dag. – Korleis skal dei overleve? spør Christer Hansen Eriksen og Bjørn Reidar Ur. Saman med Kristian Pletten er dei mennene bak gründerbedrifta PAM.

Statistikken tyder på at spørsmålet kjem til rett tid. Tal frå Virke viser at motebutikkane utanfor kjøpesentera i 2013 hadde ein nedgang i omsetnaden på 4,8 prosent samanlikna med 2012. Eit ferskt døme frå Hordaland er klede- og interiørbutikken Berthas i Vaskerelven, som i slutten av april meldte at dei kom til å legge ned fordi for få kundar faktisk handla i butikken.  Korleis vil PAM løyse dette?

Fysisk plassering ein styrke
– Butikkane treng ikkje kjempe mot netthandelen, hevdar Eriksen. PAM utviklar nettbaserte løysingar som spelar på butikkane sine kvalitetar, nemleg at dei er fysiske og uavhengige. Som kunde veit du at du får noko skikkelig når du handlar på butikkar der det er flinke folk som står bak, og som faktisk handplukkar varene sine på messer i utlandet, seier han.

Sommaren 2013 lanserte PAM ein applikasjon som fungerer nærmast som Instagram. Her kunne butikkane legge ut bilete av varer dei har, som så vert presentert saman med bilete frå andre butikkar i eit geografisk område. – PAM brukar den fysiske plasseringa til butikkane som ein styrke i netthandelen. Då er det avgjerande å styre fortenesta av netthandelen inn til butikkar som treng det, og som fortener det, forklarer Eriksen. – Når kunden faktisk ynskjer å prøve skoa eller å få råd og hjelp til å velje kle frå butikkpersonalet, må butikken vera der fysisk. Samtidig må kundane få fridom til å gjere det som passar dei best til ei kvar tid, enten det er å handle på nett, gå i den fysiske butikken, eller utsetje kjøpet til ein har betre råd.

Populær PAM-app
Då dei lanserte appen i Bergen fekk dei mykje merksemd. Så langt har over 20 butikkar i Bergen og 11 i Oslo teke i bruk appen, og fleire tusen personar har lasta den ned. Men appen er berre forløparen til ei langt meir innhaldsrik plattform med fleire og nyskapande element og tenester. – Appen var ein syretest på ideen vår. At den vart såpass godt motteke trass i at den var relativt enkel, gav oss gnist til å vidareutvikle plattforma, seier Eriksen.

Kuraterte kjøpemoglegheiter
Gründerane reknar med å lansere den nye plattforma i løpet av sommaren, men vil ikkje røpe for mykje. Dei trur at kundane vil få ei betre shoppingoppleving, samstundes som butikkane får større moglegheit til å promotere både seg og produkta sine. – Det blir som eit kjøpesenter med kuratert og godt innhald. Kuratert på den måten at butikkane der inne veit kva dei held på med. Det er flinke folk som verkeleg har arbeidd for at du skal få dei beste varene, seier Eriksen.

Dei understrekar at dei har utforma den nye løysinga saman med butikkar dei samarbeider med. – Ein av grunnane til at butikkane er oppglødde er det faktum at netthandel er ei utfordring – men det er ei utfordring vi løyser. For kunden sin del er ei føremon at han eller ho kan gjere seg opp ei meining om varene i butikkane han likar i forkant, i staden for å vimse rundt i byen på leit. På sikt har dei ambisjonar om å utvide til storbyar som London eller København. – Kunden skal kunne handle i ein lokal butikk, men det treng ikkje vere ein lokal butikk på staden der kunden er, avsluttar han.

Kjelder: 
http://www.virke.no/talloganalyse/Documents/Motesentrene%202013.pdf
Virke (2014).  http://www.virke.no/talloganalyse/Documents/Norsk%20eHandelsbarometer%20...
«-De bare klikker varene hjem». Artikkel i Bergens Tidende publisert 26.april 2014. http://www.bt.no/nyheter/okonomi/--De-bare-klikker-varene-hjem-3105848.h...

Tilbake til hovudartikkel