Paneda DAB

DIGITALE SIGNAL: I Selje testar Paneda sendaren som skal gi DAB-radio i tunnelar. Dei har brukt mange år og mange millionar på å utvikle teknologien. Foto: Paneda AS

Paneba DAB

Lyd i tunnelen

 

Snart blir det slutt på skurringa. Når DAB tek over for FM-radioen, skal også tunnelane få krystallklar lyd. Det er mykje takka vere ei verksemd i Selje.

– Paneda DAB har utvikla teknologi for bruk av DAB-radio i tunnelar, seier administrerande direktør Geir Gjørsvik. – Når FM-nettet blir stengd i 2017 er det DAB som gjeld, og alle tunnelar over 500 meter i Europa skal ha slik teknologi.

Grundig testing
I det nye systemet kan alle nødetatane eller vegtrafikksentralen bryte inn i sendingane på alle radiokanalar for å varsle bilførarane inne i ein tunnel om trafikkulykker eller andre hendingar. Paneda har jobba i fleire år med utvikling og testing av pilotsystemet i Operatunnelen i Oslo. – I vinter fekk vi levert første systemet til Øyertunnelen på E6 i Gudbrandsdalen, seier Gjørsvik. – Nyleg vann vi også eit anbod på til saman sju tunnelar på Austlandet. Kontrakten med Vegvesenet vann vi i konkurranse med tre andre konkurrentar. Den er verd nesten 7 millionar kroner og vil vere ein god start til å vinne dei neste anboda som vil kome framover.

Krevjande utviklingsarbeid
DAB er på full fart inn i Europa og Noreg er eit føregangsland på DAB-teknologi. I følgje Jørgen Berg i Innovasjon Norge har Paneda DAB eit stort potensiale. Han held fram verksemda som eit godt døme på gründerverksemder som har lukkast ved hjelp av Innovasjon Norge.

– Vi har brukt mange år og mange millionar på å utvikle systemet i samarbeid med ein koreansk samarbeidspartnar på softwaresida. Sjølv leverer vi hardwaren, seier Gjørsvik. – Vi har fått svært god stønad frå Innovasjon Norge i utviklingsarbeidet heilt frå vi etablerte verksemda vår i 2004. Han trekkjer også fram støtta frå den lokale banken, Sparebanken Vest. – Utan desse to hadde vi nok ikkje vi vore i Selje i dag.

Slått av Telenor
Paneda er i ein tøff divisjon og konkurrerer med firma frå heile verda om DAB-leveransar i tunnelar.  I samband med ein stor anbodsrunde i fjor sommar for å byggje ut «rest-DAB-Noreg», vart Paneda slått på målstreken av Telenor.  – Vi tapte på pris. Den anbodsrunden kosta oss dyrt, men vi fekk samstundes vist at vi er ein seriøs aktør på denne marknaden, seier Gjørsvik.

Blir i Selje
Paneda DAB AS er ein del av Panedagruppa. Dei 13 tilsette i gruppa jobbar også med digital-TV-leveransar til område som ligg i skuggen i det digitale bakkenettet. Geir Gjørsvik ser det som ein fordel at dei er lokalisert i Selje og ved kysten. Dei ligg nær den fysiske plasseringa av dei digitale TV-sendarane og dei mange tunnelane som skal oppgraderast. Ulempa er avstanden til Oslo der dei store kundane og kringkastingsmiljøet er. – Men vi har ingen planar om å etablere distriktskontor i hovudstaden. Vi trivst bra på Selje der vi har ein solid og trufast medarbeidarstab som har den kompetansen og kapasiteten vi treng i dag.  

Tilbake til hovudartikkel