Reisemål Hardanger Fjord AS

Trolltunga – Hardanger si viktigaste merkevare Foto: Scott Sporleder-Fjord Norway

Reisemål Hardanger Fjord AS

Optimisme blant reiselivsverksemder i Hardanger

Intervju med Hans Jørgen Andersen, Reisemål Hardanger Fjord AS.

Korleis er forventingane for 2014 for reiselivsverksemdene i Hardanger?

– Forventingane for 2014-sesongen er høge. For camping og hytter vert det meldt om mange bestillingar, det ser ut til at den tyske marknaden som har falle kraftig dei siste åra er på veg tilbake. For hotella er det alltid uvisst, då det kan kome avbestillingar. Særleg for grupper kan dette utgjere store volum. Når det er sagt, melder hotella om gode bestillingar for sommaren 2014 – det er optimisme i næringa. Eg tykkjer ikkje eg har grunnlag for å si om forventingane er ulikt fordelte i regionen og om visse område både gjer og vil gjere det godt. Vi kan vel kanskje snu på det og seie at for ein turist så er heile regionen Hardanger. Går det bra i dei ytre delane, går det bra i indre strok – og omvendt.

Korleis fungerer det organiserte samarbeidet mellom reiselivsverksemdene i Hardanger?

– Samarbeidet fungerer godt. Vi må òg hugse på at i mange samanhengar er bedriftene konkurrentar, medan i andre samanhengar vil det vere rasjonelt å jobbe saman. Reisemål Hardanger Fjord ble etablert i 1993, og har sidan den tid marknadsført Hardanger som ein region både innanlands og utanlands. Det er òg viktig å nemne at RHF er ein del av ein nasjonal struktur. Vi er eitt av 14–15 regionale destinasjonsselskap på Vestlandet, som igjen arbeidar tett med Fjord Norge AS og Innovasjon Norge/Visit Norway. Fjord Norge jobbar med internasjonal marknadsføring av Vestlandet, og Innovasjon Norge jobbar med nasjonal og internasjonal marknadsføring av Norge. Å slå saman ressursane i dette arbeidet – både i regionane, landsdelane og på nasjonalt nivå – gjev resultat.

Kven er den typiske turisten i Hardanger?

– Den typiske Hardangerturisten er vanskeleg å finne. Vi vet at han og ho først og fremst kjem på grunn av naturen, men utover det er det stor variasjon. Vi har heile spekteret innan overnatting og budsjett – frå telt til dei beste hotella i Noreg, frå dei som er aktive og går til Trolltunga til dei som helst vil nyte naturen frå ein båt eller buss. Det er unge og eldre i skjønn foreining og fordelinga mellom aldersgruppene er ganske jamn. Dei viktigaste landa som gjestene kjem frå er Noreg (60 prosent), Tyskland, Nederland, Japan og Storbritannia. Ein ting som er felles er at dei er nøgde. I gjesteundersøkinga vår frå 2011 vil 99 prosent anbefale vener og familie å reise til Hardanger!

Tilbake til hovudartikkel