AS Sævareid Fiskeanlegg

SESONGARBEID: Settefiskbransjen er utprega sesongbetont. Sævareid Fiskeanlegg i Fusa må leige inn utanlandsk arbeidskraft til vaksineringsarbeidet. Foto: Sævareid Fiskeanlegg AS.

Sævareid Fiskeanlegg

Storproduksjon av smolt og yngel

- Krisa i Europa har vi ikkje merka noko til så langt, seier Gustav Folkestad, dagleg leiar av AS Sævareid Fiskeanlegg i Fusa. - Vi produserer smolt og yngel til matfiskanlegg og er ikkje så følsam for sviktande etterspurnad i marknaden som dei som sel matfisk direkte. Årlege svingingar er mindre merkbare for oss, men sviktar etterspurnaden etter matfisk over fleire år vil også vi merke det. Vi har seld same mengd smolt og yngel i fleire år no, og har ein stabil omsetnad. Når det gjeld 2013 er vi nøkternt optimistiske.

Sævareid Fiskeanlegg er eit av landets største smoltanlegg og sel smolt og yngel til eigarane, Lingalaks AS i Kvam, Bolaks i Eikelandsosen og Bremnes Seashore på Bømlo. Mykje av produksjonen hos desse produsentane går til eksport.

Sævareid Fiskeanlegg ventar omsetnad om lag som i fjor, kanskje noko lågare. Dette hengjer saman med at dei har investert i nytt vassinntak for å gje betre velferd for smolt og yngel, og treng 2013 til å tilpasse produksjonen. Dei planlegg nye investeringar i 2014.

Som for mange andre havbruksanlegg er rekruttering ei utfordring. - Settefiskbransjen er utprega sesongbetont, når vi vaksinerer må vi auke arbeidsstokken. Løysinga har vore å leige inn vaksineringsfirma om sumaren og ha arbeidskraft i første rekke frå lokalmiljøet til maskinell vaksinering haust og vinter, seier Folkestad.

Tilbake til hovudartikkel