SafeClean

GIR MOGLEGHEITER: SafeClean fekk eldsjelprisen for sitt IA-arbeid i 2012. – Vi ønskjer å vere stolt over måten vi opptrer på, seier Terje Bosse Litsheim, leiar for HR og Samfunnsansvar. Foto: Arve Ullebø

SafeClean

Brenn for inkludering

 

Industribygda Høyanger veit kva arbeidsløyse er. Då betyr det mykje at verksemda SafeClean har gjort det til si oppgåve å hjelpe folk tilbake til arbeid. 

– Det handlar ikkje berre om å vere ein velgjerar, men om å byggje ein bedriftskultur, seier Terje Bosse Litsheim, leiar for HR og Samfunnsansvar i SafeClean. Høyanger-verksemda har spesialisert seg på reinsing av offshore-relaterte system og komponentar. Dei set samfunnsansvar høgt. – Vi ønskjer å vere stolt over måten vi opptrer på. Det gjeld ikkje berre overfor kundane, men overfor kvarandre, lokalsamfunnet og miljøet. Å vere ein inkluderande arbeidsplass er ein del av dette.

Fekk IA-pris
Etter berre eitt år som IA-verksemd vart SafeClean tildelt eldsjelprisen for bedrifter i 2012. Prisen blir utdelt årleg av IA-rådet i fylket, som er sett saman av partane i arbeidslivet. Prisen fekk SafeClean mellom anna for sin innsats for å gi personar som treng det, moglegheit til å prøve seg i arbeidslivet. I ei bygd som til tider har vore hardt råka av tap av arbeidsplassar, har det betydd mykje. – Vi har klart å få ein del personar i arbeid, fortel Litsheim. Sidan starten i 2002 har verksemda vakse med 3-4 personar i året, og tel i dag 35 tilsette. – Det har vore personar som har vorte ufrivillig arbeidsledige eller som har hatt ein vanskeleg veg tilbake til arbeidslivet. Dei har fått moglegheit til å prøve seg hos oss i ein periode, og har etter kvart gått over i fast arbeid.

Skapar lojale tilsette
Som IA-verksemd har SafeClean forplikta seg til å stille éin IA-plass til fast disposisjon til personar som har behov for å prøve ut arbeidsevna si. Målet er at dei skal fortsette å jobbe der. – Vi har ambisjon om at det skal bli meir varig enn dei månadene IA-tilbodet varer, fortel Litsheim. – Akkurat no har vi inne ein ungdom som vi arbeider med å leggje til rette eit lærlingtilbod for.

Denne haldninga haustar lovord ved arbeidslivssenteret i NAV. – SafeClean er ei eksemplarisk verksemd, seier Henny Oxholm.  – Dei tenkjer heilskap, og ser den enkelte arbeidstakar. Særleg har dei vore flinke å gi ungdom moglegheiter. Sjølv trur Litsheim at IA-satsinga er til gagn også for verksemda sjølv. – Eg har vel ikkje direkte belegg for å seie det, men eg innbiller meg at når folk får ein sjanse og blir tatt vare på, så blir dei blant dei mest lojale medarbeidarane. 

Tilbake til hovudartikkel