Samarbeid på Vestlandet - Førebilete for resten av landet

NASJONALT FØREBILETE: Samarbeidet mellom reiselivsaktørar på Vestlandet får ros av regjeringa. Foto: Anne Jorun Sæten

Samarbeid på Vestlandet

I vår vart Vestlandet dradd fram som førebilete for den nasjonale reiselivsstrategien av regjeringa. Nøkkelordet for den nye strategien er samarbeid, og regjeringa ønskjer landsdelsselskap som skal koordinere satsinga og færre lokale destinasjonsselskap. På Vestlandet har ein hatt eit slikt landsdelsselskap sidan 1993, Fjord Norway, som jobbar med koordinering av næringa i regionen og med å trekkje turistar til heile regionen. Fjord Norway er reisemålsselskap for dei fire vestlandsfylka og er ansvarleg for å koordinere det internasjonale marknadsarbeidet. – Slår ein seg saman får ein mykje meir kraft, og dermed betre utteljing, seier administrerande direktør i Fjord Norway, Kristian Jørgensen. – Våre strategiar for næringa for 2013 er for det første å satse på nærmarknader, det vil seie Danmark, Sverige, Nederland, Tyskland, og sjølvsagt Norge. Dessutan jobbar vi med ein stor og langsiktig plan for BRIC-marknadene, Brasil, Russland, India og Kina. Det er marknader som er i kraftig vekst, som har bevegd seg frå utviklingsland til utvikla land, seier Jørgensen. 

Tilbake til hovudartikkel