Sea-Hawk Navigation AS

Foto: Sea-Hawk Navigation AS

Sea-Hawk Navigation AS

Med oljesøl og piratar på radaren

På Troll C plattforma står ein kulerund radar utvikla av selskapet Sea-Hawk Navigation AS frå Laksevåg. Radaren overvakar havoverflata og vil kunne oppdage oljesøl både tidlegare, på lengre avstand og i dårlegare ver enn tradisjonell radarteknologi.

Overvaking av oljesøl er berre eit av fleire område der den nye teknologien er teken i bruk. - Den største marknaden vår er innafor seismikk, seier administrerande direktør Owe Hagesæther. Her er vi ein av dei største aktørane internasjonalt med seismikkselskap frå alle verdshjørne på kundelista. - Denne marknaden har også opna ei ny og spanande nisje for radarteknologien vår. Mange seismikkfartøy operer i farvatn med piratar, mellom anna utafor Afrika og i Sør-Øst Asia. Seismikkfartøy er også ekstra utsett for åtak når dei er i arbeid. Dette fordi dei går med låg fart og med opne portar bak. Der konvensjonell radarteknologi har vanskar med å oppdage små båtar i stor fart, vil Sea-Hawk sin radar kunne åtvare mannskapet på seismikkfartøyet tidleg nok til å hindre eit åtak. – Vi driv også testprosjekt med hamneovervaking og ferdsel og oljeutvinning i arktiske farvatn, seier Hagesæther.

Det som gjer Sea-Hawk sin teknologi spesiell, er at den sender ut puls med ulike eigenskapar. Ved å samanlikne ekkoa frå desse ulike pulsane blir det skapt bilete som er meir detaljerte og har mindre støy i dårleg ver enn annan radarteknologi. Radaren har også evne til å analysere desse signala svært raskt. Dette gjer store føremonar når ein skal overvake objekt i stor fart. Signal- og prosesseringsteknologien er utvikla og patentert av gründerane som starta selskapet i 2000.

 - Vi er framleis i ei oppbyggingsfase, seier Hagesæther. – Men som i alle høgteknologiske bransjar er det viktig at vi handlar raskt.  Vi har nyleg fått tilført kapital frå fleire lokale investorar, så målet for det næraste året er å få bygd opp ein sterk teknisk organisasjon med solid internasjonal salskapasitet.  – Sjølv om prisen på produkta våre er høg, er vi overlegne på teknologi. Marknadsutsiktene er difor svært lovande, seier Hagesæther.

Tilbake til hovudartikkel