Seevia og VideoNor

Seevia og VideoNor

Suksess via videokonferanse

- Skal vi skape vekst i dette fylket, må vi våge å tenkje nytt og utvikle arbeidsplassar bygd på kunnskap, seier Jørn Mikalsen, dagleg leiar i Seevia AS. Selskapet har nett underteikna si første internasjonale kontrakt om ein felles videokonferansekatalog for det danske og norske helsevesenet. Mikalsen er sikker i trua på at kontrakten vil opne nye og spanande marknader for den Måløy-baserte verksemda.

Kjerneproduktet til Seevia er ein katalog over brukarar av videokonferansetenester som gjer det enklare å finne og kontakte andre brukarar. – Litt forenkla kan vi sjå på dette som Gule sider for videokonferansebrukarar, forklarar Mikalsen. Selskapet har utvikla teknologi som automatiserer oppdateringa av denne katalogen, noko som blir stadig viktigare etter kvart som bruken av slike tenester tek av. – Videokonferansar er ikkje lenger noko som krev kostbart utstyr og spesialbygde møterom. I våre dagar kan videomøter like gjerne gjennomførast via berbare datamaskiner, lesebrett eller mobiltelefonar. Dette krev at det er lett å finne den ein skal kommunisere med.

Det var Måløy-verksemda Videonor som fekk ideen til katalogtenesta og som utvikla den første versjonen. Då interessa for katalogen tok av, vart selskapet Seevia AS etablert i 2011 for å kunne leggje større trykk bak vidareutvikling og marknadsføring. Seevia har fått fleire prisar for sitt miljøvenlege og banebrytande arbeid, mellom anna årets Nyskapingspris frå NHO Sogn og Fjordane og den prestisjetunge Rosingprisen for SmartIT.

- Klart vi blir i Måløy, svarar Mikalsen når vi spør korleis selskapet ser for seg den vidare utviklinga. Selskapet har allereie etablert kontor i Oslo, Stavanger og Trondheim, men trivst godt i IT-klynga i Måløy og planlegg å vekse her. - Per i dag har Videonor og Seevia til saman 12 tilsette, men du skal ikkje sjå vekk frå at dette talet kan nærme seg 30 før året er omme.

Tilbake til hovudartikkel