Servogear AS

PROPELLAR FRÅ BØMLO: Servogear AS utviklar og produserer framdriftssystem for hurtiggåande skip. Propellar og gir herfrå blir selde til heile verda. Foto: Servogear AS

Servogear AS

Vellukka framdriftsprodusent i 40 år

Gir og propellar frå Bømlobedriften Servogear AS sit på fleire av dei flottaste yachtane og seilbåtane i verda. Verksemda på Rubbestadneset utviklar og produserer framdriftssystem for hurtiggåande skip, og har levert overskot dei fleste av åra sidan etableringa i 1973.  Med verda som marknad har dei hatt ein særskilt auke i utlandssalet dei siste åra. 

– Så langt ser 2013 ut til å bli et godt år, seier administrerande direktør Magne Møklebust. Fjoråret gav oss ein rekordstor omsetnad og vi ventar at 2013 skal bli like godt. Vi har nesten ordreboka full.

Han meiner grunnen til at dei gjer det så bra er at selskapet har greidd å kome seg inn på ulike marknader, både i Norge og i utlandet.  – Vi har til dømes sikra oss leveransar til servicebåtar til bruk i offshore vindmølleparkar i Europa. Nokre av desse båtane blir bygd på Fjellstrand. Hurtigbåten Wall Street i New York er eit døme på ombygging frå vatnjet til propell frå Servogear som har resultert i store reduksjonar i brennstoff-forbruk og utslepp av miljøgassar.

To tredeler av produksjonen går til eksport, både til Europa, Asia og Amerika. Krisa i Europa har dei ikkje merka stort til.  - For oss var 2009 eit topp år, det var også 2010, medan det var ein liten tilbakegang i 2011. Men dette tok vi att i 2012.

Servogear AS har i dag leveransar til 5-6 verft i Europa, samt til verft i Kina og Singapore. Her heime vonar dei å få leveransar til dei nye hurtigrutebåtane som skal trafikkere strekninga Bergen – Sunnhordland. Selskapet samarbeider også med Hordaland fylkeskommune om utvikling av batteridrivne hurtigbåtar.

Sjølv om det er høg aktivitet i regionen har ikkje Servogear AS vesentlege problem med å skaffe nye medarbeidarar, i alle fall ikkje til produksjonen. Men, også Servogear merkar at tilgangen på ingeniørar er for liten.   Etter nokre tilsettingar tidlegare i år er dei no oppe i 45 personar, men trengjer enno 3 -4 personar til.

Møklebust fortel om gode tider også for søsterverksemda Matre Maskin AS på Rubbestadneset. – Dei har også tilsett fleire folk, og opplever ein stor omsetnadsauke. Han ser også med spaning på utviklinga av det som inntil nyleg var Wärtsilä på Rubbestadneset, men som no får nye norske eigarar. Det ser såleis ut til at det også i framtida vil vere eit industrielt miljø på Rubbestadneset retta inn mot dei store marknadane i Asia og Europa.

Tilbake til hovudartikkel