Sjømatnæringa i helsemedvind

SUGEN PÅ SUSHI: Folk er meir opptatt av sunnare mat. Det gir ny medvind til sjømatnæringa. Foto: Inger C. Nordhagen

Sjømatnæringa i helsemedvind

Fiskeri- og havbruksnæringa er avhengig av eksport. EU, og særleg Frankrike, utgjer ein hovudmarknad for norsk sjømatnæring. Stemninga er likevel optimistisk. - Dei økonomiske utsiktene for sjømat er veldig positive, og sjømatnæringa ventar auka etterspurnad framover, fortel Tanja Hoel som er dagleg leiar i Fiskeriforum Vest.

I følgje Hoel har krisa ført til auka konkurranse om billige proteinkjelder. Det er positivt for sjømatnæringa i Hordaland, som er dominert av laks, aure og pelagiske artar. - Laks har styrka seg som ei viktig og billig kjelde til sunn protein og etterspurnaden har auka sjølv om prisane har gått ned, seier Hoel.

Ho ser dette som ein del av ein livsstilstrend. - Sjømatnæringa er i ein ”helsemedvind” og fleire av dei leiande selskapa i regionen, som Marine Harvest, Lerøy og Grieg, satsar tungt på ”helse og convenience”-marknaden, seier Hoel. Dessutan er sushi-trenden ein viktig helsetrend som er med på å drive lakseprisane oppover.

Hoel peikar på auka kjøpekraft i nye marknader som Kina, Brasil, India og Russland og ein sterk vekst i moderne detaljhandel, som saman gir lyse utsikter for sjømatnæringa i fylket. 

Tilbake til hovudartikkel