Sogn Aqua

GOURMETMAT: Dagleg leiar Jan Arne Brekke og Sogn Aqua har lukkast med kveiteoppdrett i store kar på land. Vatnet hentast opp frå 100 meters djup i Sognefjorden. Foto: Arve Ullebø

Sogn Aqua

Fiskelukke på land

 

Som 13-åring var han med bestefar og oppdrettspioner Erling Osland på fiske etter stamkveite. 26 år etterpå har Jan Arne Brekke og Sogn Aqua lukkast med kveiteoppdrett på land.

Kvar måndag slaktar Sogn Aqua nokre hundre kilo kveite i Slantevika på sørsida av Sognefjorden.   Kveitene har topp kvalitet og går rett til restaurantar i Oslo for over 100 kroner kiloen. I tre år har selskapet utvikla og forbetra produksjonsteknologien. I fjor produserte dei vel 40 tonn til ein verdi av rundt fire millionar kroner. Med 40.000 kveiter i kara vil produksjonen etter kvart ta seg opp til 100 tonn.

– Målet er å byggje opp næringa ”stein på stein” til ein årsproduksjon på 500-600 tonn. Då er vi venteleg store nok til å kunne produsere yngel og ha eit effektivt produksjons- og omsetnadsapparat, seier dagleg leiar i Sogn Aqua, Jan Arne Brekke.

Vatn frå djupet
Oppdrett i lukka anlegg på land er ny teknologi i Norge. Brekke og hans medarbeidarar og aksjonærar har satsa på enklast mogleg teknologi og lukkast. På 100 meters djup i Sognefjorden hentar dei krystallklart sjøvatn heile året med ein stabil temperatur på åtte grader. Det er perfekt for kveita. Med minimal energibruk klarar dei å resirkulere vatnet sju gongar og kontrollere trykk og oksygennivå. Sogn Aqua har både lakseoppdrettarar, økonomar, spesialistar på vassbehandling og ein ingeniør på aksjonærlaget. Saman har dei erfart seg fram til beste produksjonsmetode for eit gourmetprodukt som har slått an i marknaden.

På lag med naturen
– Vi har verdas reinaste fjord og verdas flottaste natur. Det skulle berre mangle at vi ikkje skulle få til verdas beste mat, meiner Jan Arne Brekke. Han er opptatt av å spele på lag med natur og miljø. Han brukar verken medisin eller kjemikaliar i produksjonen og satsar på at anlegg og materialval skal passe inn i landskapet. 

Laksepilot på land
I 2013 skal Sogn Aqua og Osland Havbruk i Bjordal i samarbeid med SINTEF, NIVA og Innovasjon Norge byggje eit pilotanlegg på land for produksjon av stor laksesmolt opptil 800 gram. Vanlegvis blir smolten sett i sjøen når den er rundt 250 gram. Fordelen ved lenger produksjonstid på land, kan bli raskare slakteferdig fisk og meir kontroll med heile produksjonsprosessen.

– Vi må heile tida jakte på den mest berekraftige måten å utnytte naturressursane på. Ein kombinasjon av oppdrett på land og i sjøen kan vere ein slik metode. Klarar vi å gjere det enkelt nok og halde investeringane nede, kan forsøket bli eit nytt steg i utviklinga av lakseproduksjonen. Det er slik norsk oppdrettsnæring steg for steg har blitt konkurransedyktig milliardindustri, seier gründer og oppdrettar Jan Arve Brekke. Han veit kva han snakkar om. Familien har vore oppdrettspionerar i fleire generasjonar.
 

Tilbake til hovudartikkel