Sogn og Fjordane mot 2030

– SATS PÅ RØYR: Fjord Base i Florø bør bli ein internasjonal røyrbase. Det er noko av bodskapen i utviklingsanalysen for petroleumsnæringa. Foto: Anne Jorun Sæten.

Petroleumsnæringa

Sogn og Fjordane mot 2030

Sogn og Fjordane fylkeskommune sit i førarsetet for ein utviklingsanalyse for petroleumsnæringa i fylket. Analysen, som blir utført av Agenda Kaupang, er basert på strategiseminar, intervju med leverandørverksemder, bedriftsbesøk og diskusjonar med Statoil og andre operatørselskap som er forankra i fylket. Rapport frå arbeidet vil liggje føre i endeleg versjon innan kort tid. Nokre smakebitar frå analysen vart presentert i Maritim Foreining i november. Forutan nettverkssamarbeid gjennom Maritim Foreining, vart det skissert fleire satsingsområde for fylket. Fjord Base vart peika på som eit viktig nav. Ambisjonane bør omfatte å vere ein kostnadseffektiv, fullskala forsyningsbase for Tampen-området, ein tung nasjonal aktør på vedlikehald av undervatnsutstyr, og ein internasjonal røyrbase. Satsing på infrastruktur og utvikling av engineering-miljø vart også trekte fram som viktige element. Analysen peiker også på den sterke veksten i marknaden for vedlikehald og modifikasjonar av installasjonar, og etter kvart no også fjerning av slike. Saman med kapasitetsproblem i den norske marknaden, kan det opne moglegheiter for verksemder i Sogn og Fjordane som ønskjer å satse.

Tilbake til hovudartikkel