Solund Verft

LOKALE KREFTER: Ved Solund Verft sitt anlegg i Ytre Sogn skal det mellom anna byggast to kystnotfartøy i tida som kjem. Kundane er to reiarlag i Askvoll og Solund. Foto: Solund Verft

Solund Verft

Satsar på kjenningar

 

Ved verftet i Solund er lokal ei heidersnemning. Fartøya dei byggjer no er både teikna og tinga av verksemder i Sogn og Fjordane. Sjølv underleverandørane har adresse i fylket.

– Vi kjenner dei, og dei kjenner oss. Dagleg leiar Sven-Tore Eide ved Solund Verft fortel at dei har gjort eit medvete val: Dei vil satse på lokale krefter. Underleverandørane finn dei i eigen kommune og nabokommunar. – Vi ønskjer å samarbeide med firma som held til i regionen. At vi kjenner kvarandre er viktig. Samstundes er vi med på å styrke det lokale næringslivet i regionen, seier Eide. Også fleire av kundane er lokale. Solund Verft AS har teikna nybyggingskontrakt for to kystnotfartøy, konstruert av Seacon AS, som held til i Måløy. – Og vi er svært glade for at kundane er to reiarlag heimehøyrande i Askvoll og Solund, seier Eide.

Konkurrerer med oljeløner
Solund Verft greier seg greitt i dag. Men Eide fortel at dei merkar godt konkurransen frå oljenæringa om rekruttering av arbeidskraft frå kommunen og regionen elles. – Vi kan ikkje konkurrere på løn med oljeselskapa om medarbeidarar. Solund Verft treng arbeidskraft innan mekanikk, skipselektronikk og hydraulikk. For å dekkje behovet har dei arbeidarar frå utlandet. – Fleire av dei utanlandske medarbeidarane har no busett seg i Solund, og det synest vi er veldig bra, seier Eide. – Vi ønskjer i det heile å nytte arbeidskraft busett i distriktet, og då er det berre fint at vi kan bidra med tilflytting til regionen. I dag har vi 37 eigne tilsette, men nyttar i periodar mellom 5 og 50 innleidde folk og underleverandørar.

Motiverte lærlingar
Kvart år byrjar to eller tre lærlingar ved verftet. Dei nyt godt av kompetansen som Solund Verft har opparbeidd seg i åra som lærlingverksemd og medlem av PRO. Verksemda har også gjennom mange år hatt TAF-elevar (teknisk, allmennfagleg utdanning) og har god erfaring med denne forma. Eide fortel at lærlingane ved Solund Verft får opplæring i eit internasjonalt miljø, der engelsk er ein viktig del av kommunikasjonen. – Verftet ønskjer motiverte og engasjerte lærlingar, og det er viktig at dei er ansvarlege og omgjengelege, seier Eide.

Kontor i Sløvåg Næringsbygg
Sjølv om det i dag går greitt for Solund Verft, merkar dei godt konkurransen, særleg frå verft i Baltikum og Danmark. – Det verkar som om danske verft har andre rammevilkår enn norske. Saman med kampen om fagarbeidarar, gjer det sitt til at vi stadig må stå på for å overleve, seier Eide. Verftet treng fleire bein å stå på og jobbar no for å få meir innpass i reperasjonsarbeid for fartøy innan oljesektoren. – For å kome nærare denne marknaden skal vi flytte inn i Sløvåg Næringsbygg.

Stor kundegruppe
Solund Verft bygde tidlegare mykje ferjer. I dag går det mest i fiskefartøy, kystfraktebåtar, brønnbåtar og ulike spesialfartøy. – Kundegruppa er stor, seier Eide og ramsar opp: – Fjord 1, Norled, Forsvaret, Firda Sjøfarmer, Marine Harvest, Artic Shipping og Wergelandgruppa. I tillegg har vi oppdrag ved kai og oppdrag utanfor verftet.

Tilbake til hovudartikkel