Støytt trøytt?

FRÅ OLJE TIL MEDISIN: Rolf Kahrs Hansen tok med seg kompetansen sin frå oljenæringa til medisinen. Måleinstrumentet ApneaGraph®Spiro skal avdekkje søvnrelaterte pusteproblem og gi fleire tidlegare diagnose. Foto: Spiro Medical.

Spiro Medical

Støytt trøytt?

 

Søvnrelaterte pusteproblem rammar nesten 20 prosent av befolkninga. Spiro Medical vil sørgje for at fleire får riktig diagnose og behandling.

– Målet er å gi legar betre rettleiing om kva behandling pasienten treng, seier gründer Rolf Kahrs Hansen. I tre år har han arbeidd med å utvikle produktet ApneaGraph® Spiro – eit instrument som måler lungetrykk og identifiserer blokkeringane som forårsakar pusteproblem under søvn. Data om trykk, pust, puls, lyd (som snorking) og oksygeninnhald i blodet blir automatisk analysert og gjort tilgjengeleg for legen. Kahrs Hansen vonar dette kan bidra til at fleire får tidlegare og riktigare behandling.

Etablert verktøy
Produktet blir lansert i desse dagar og er utvikla som ein del av eit såkalla IFU/OFU-prosjekt, med vesentleg støtte både frå Innovasjon Norge og Forskningsrådet. ApneaGraph Spiro er ei forbetra utgåve av eit verktøy som er etablert blant søvnlegar både i Norge og utlandet. Også dette var Kahrs Hansen med på å utvikle. – Det finst mellom 200 og 250 einingar av dette produktet i ulike land. Målet er å erstatte alle dei gamle einingane med ApneaGraph®Spiro og samtidig auke salet, seier Kahrs Hansen. Potensialet er stort. Så mange som opp mot 20 prosent av befolkninga lir av søvnrelaterte pusteproblem, mange av dei utan å ha fått diagnose.

Allsidig kompetanse
Som fysikar med bakgrunn frå oljenæringa, er Kahrs Hansen eit godt døme på korleis kunnskap og kompetanse kan overførast mellom bransjar. – Som fysikar jobba eg mykje med måletekniske oppgåver og instrumentering både i Akergruppen og Det Norske Veritas. Erfaringa frå oljenæringa gav meg dessutan viktig kunnskap om mellom anna kvalitetssikring, produktutvikling og programmering. Etter karrieren i oljenæringa gjekk han over til å utvikle undervassteknologi. I selskapet OmniTech, seinare CodaOctopus, utvikla han og ein kollega verdas første sanntids 3D-sonar, EchoScope.

Kompetansen både frå oljenæringa og undervassfeltet har han no tatt med seg inn i medisinen. – Teknologien er ein annan, men den grunnleggande kompetansen er den same, seier Kahrs Hansen. Han trur det er eit stort potensiale for å overføre kunnskap og teknologi mellom bransjar. – Er den grunnleggande fagkunnskapen på plass, er bruksområda talrike. Eg hadde til dømes ein kollega som tidlegare arbeidde med akustikken i Grieghallen. Han var seinare med å utvikle EchoScope-sonaren.

Fakta

  • Støtteordninga IFU (Industrielle forskings- og utviklingskontraktar) og OFU (Offentlige forskings- og utviklingskontraktar) er ei tilskotsordning som skal bidra til utvikling av nye produkt og løysingar som fører fram til internasjonal marknadssuksess.
  • Ordninga byggjer på ein samarbeidsavtale mellom ei leverandørbedrift – som er den som søker om tilskot – og ei kundebedrift.
  • I Spiro Medical sitt tilfelle er Akershus Universitetssykehus offentleg partnar, og skal stå for dei kliniske undersøkingane.
  • IFU/ OFU-ordninga er ei av Innovasjon Norge sine ordningar som har levert særs gode resultat. Innovasjon Noreg håper at fleire ser moglegheita i ordninga framover.
     
Tilbake til hovudartikkel