Aktiv eigarkapital

Aktiv eigarkapital

Aktiv eigarkapital, eller private equity (PE) på engelsk, er langsiktige investeringar i bedrifter med gode moglegheiter for vekst. Spesialiserte fond finn slike bedrifter og bidreg med kapital og kompetanse for å utvikle dei. Fjord Invest i Førde har sidan 2003 investert for totalt 200 millionar kroner i 19 såkorn- og vekstbedrifter i Sogn og Fjordane. – Næringslivet i Sogn og Fjordane har behov for tilgang til aktiv eigarkapital, seier dagleg leiar Aud Ingrid Espeland. – Det kan vere fordi bedrifta er nystarta, veks eller er i anna omstilling som gir behov for kapital, kompetanse og nettverk. I følgje Espeland vil strengare internasjonale krav til finansnæringa og eigenkapitaldekning, kunne føre til at bankane stiller høgare krav til bedriftene sin eigenkapital. Det vil igjen auke behovet for aktiv eigarkapital for utvikling av næringslivet.

Til saman forvalta norske aktive eigarfond 61 milliardar kroner til investering i bedriftsutvikling i 2011. Det seier førsteamanuensis Carsten Bienz frå det nyoppretta forskingssenteret Argentum Centre for Private Equity ved Norges Handelshøyskole i Bergen. Les meir om det nye forskingssenteret her.
 

Tilbake til hovudartikkel