Vatn til verda

BEREKRAFTIG FORRETNINGSMODELL: Sigmund Larsen og EnviroNor vil bidra til betre utnytting av vassressursane Ideen er å nytte utrangerte skip til flytande reinseanlegg for vatn. Foto: EnviroNor

EnviroNor

Vatn til verda

 

Gründer Sigmund Larsen har gjort reinsing av vatn til ein forretningsidé.

– Eg var ikkje klar over at utfordringane var så enorme då eg starta, seier Larsen. – Berre i Sør-Amerika blir 85 prosent av all kloakk og industrielt avløpsvatn slept ut i sjø og elver. Konsekvensane for omgivnadene er enorme.

Sidan 2011 har Sigmund Larsen jobba med å utvikle ei løysing for å hjelpe myndigheter og industrielle aktørar som ønskjer betre utnytting av vassressursane. Teknologien eksisterer allereie. Larsen sin idé er å utnytte utrangerte skip til å etablere offshorebaserte reinseanlegg. EnviroNor skal tilby rådgiving og analyse for dei som ønskjer ei slik løysing.

Teknologien kan nyttast til å resirkulere, reinse og avsalte vatn frå avløp, sjø og elvar. Resultatet er vatn som kan brukast på nytt til industrielle føremål, metangass som kan brukast til energiproduksjon og bioavfall som kan nyttast til gjødsel og andre føremål.

– Flytande anlegg er ei kjend løysing innanfor olje og gass, seier Larsen. – Den same ideen ligg til grunn for EnviroNor-konseptet. I staden for å byggje enorme reinseanlegg i hallar på land, kan det ligge i røyrsystem som transporterer det ut til skipa for reinsing og gjenbruk.

Samarbeid med DNV GL
I to omgangar har Larsen fått støtte frå Innovasjon Norge til å utvikle ideen – først i 2011, deretter i 2014. I 2012 allierte han seg med DNV GL. – Administrerande direktør Henrik Madsen omfamna ideen med ein gang. Dei tok konseptet inn som ein ekstraordinær innovasjon, kvalitetssikra og forbetra det, fortel Larsen.

DNV GL si rolle som samarbeidspartnar er å gjennomføre forstudiar og kvalitetssikre og klassifisere konkrete prosjekt som kjem ut av studiane. Studiane blir gjort i to fasar: Først ei innleiande studie som vurderer moglegheitene for ei EnviroNor offshore-løysing, og deretter ei meir omfattande studie av økonomiske, miljømessige, tekniske og operasjonelle faktorar, inkludert tilgang på fartøy.

Første steg i Mosambik
Larsen er den som frontar prosjektet, driv marknadsføring og leitar etter investorar . – Vi har fått mykje merksemd og interessa er stor, særleg i Israel som er langt framme på vassprosessering. Men det er ein lang veg frå interesse til kontrakt, seier Larsen. 

Det første steget på vegen er teke allereie. Med støtte frå Norad er DNV GL i gang med ein studie i Mosambik. Dersom det går vegen, kan eit reinseanlegg basert på EnviroNor sin forretningsidé opnast om nokre år.

Regionale moglegheiter
Larsen har drege nytte av ingeniørfaget og erfaringar frå ei lang karriere innan skipsfart. Han meiner Hordaland og Bergensregionen sit på unik kompetanse til å utvikle dette fagområdet vidare. – Vi har ein fantastisk kombinasjon av maritim ekspertise og verdsleiande subsea-teknologi. Vi kan ta det beste frå desse to felta og knyte til oss globale samarbeidspartnarar med ekspertise på vassprosessering, avsluttar han.

Tilbake til hovudartikkel