Vekstlandet

SØKJER TALENT: Ved CMR i Bergen driv dei banebrytande teknologisk forsking. Men forskar Tor Monsen i CMR Prototech (t.h.) treng fleire dyktige kollegaer. Foto: CMR

Vekstlandet

Talentjakta

– Hos oss kan folk vere med å skrive historie, seier kommunikasjonssjef Gunn Janne Myrseth i Christian Michelsen Research. Gjennom samarbeidet i Vekstlandet håpar CMR å lokke til seg fleire dyktige forskarar.

På Fantoft i Bergen skjer det dagleg banebrytande teknologisk forsking – forsking som legg grunnlaget for industriell utvikling. – Det var våre folk som bygde dei to atomanlegga på Kjeller og i Halden. Og det er våre folk som i dag utviklar romteknologi saman med NASA og European Space Agency, seier Myrseth.

Rift om dei beste
Å vere i forskingsfronten krev kontinuerleg tilgang på nye talent. Men landets eldste polytekniske institutt må konkurrere med mange av dei store aktørane i verda og i regionen om den realfaglege hjernekrafta. – Det er eit problem i Bergen at vi kannibaliserer på kvarandre si arbeidskraft, seier Myrseth. – Vi brukar mykje ressursar på rekruttering, og det har ikkje vorte lettare med åra. Gjennom Vekstlandet spelar vi på lag med andre i regionen for å få fatt i dei flinkaste folka.

Meir enn sjømat og olje
CMR er ei av 33 verksemder i Bergensregionen som deltar i Vekstlandet, Norges største rekrutteringskampanje nokosinne. Målet er å trekkje talent frå heile landet til regionen – og sørgje for at dei som studerer her, blir verande.
Bak kampanjen står ein samla region. – Det handlar om å vise mangfaldet i Bergensregionen. Vi er meir enn sjømat og olje. Vi er ein vekstregion med eit stort behov for arbeidskraft i mange bransjar. Derav namnet Vekstlandet, seier Tone Hartvedt, kommunikasjonssjef i Business Region Bergen.

Vekstivalen
Gjennom eigne arrangement, annonsering i ei rekkje media og deltaking på bransjetreff og utdanningsmesser skal Vekstlandet settast på kartet. Målgruppa er fagarbeidarar og høgt utdanna i alderen 23-35 år. Første milepæl vart markert 25.april med Vekstivalen – Norges første rekrutteringsfestival. Lokale profilar som Datarock, Thea Hjelmeland og Bergen Live-general Frank Nes var hyra inn som inspiratorar – eller vekstmenneske som Hartvedt kallar dei. – Vi ønskte å vise fram nokre enkeltpersonar frå regionen som har sett moglegheitene og gjort karriere.

Jobb til to
CMR har store forhåpningar til kampanjen. – Vi treng 15-20 personar i dag berre her i Bergen, både fysikarar, matematikarar, ingeniørar og mekanikarar. Samtidig er vi avhengig av at ektefellene også får jobb i området. Vi har tilsette som pendlar mellom Bergen og Oslo, fordi partnarane ikkje har vorte freista til å flytte med hit, seier Myrseth. Då er det å håpe at Vekstlandet kan bidra til å gjere Bergensregionen meir freistande – også for ektefellene. 

Tilbake til hovudartikkel