Voss Vind

FRITT FALL: I vindtunnelen på Voss kan ein få prøve seg som Supermann. Voss Vind er siste tilskot til ekstremsportmiljøet i bygda. Foto: Voss Vind.

Voss Vind

Luft under vengene

Det siste tilbodet til ekstremsportmiljøet på Voss er VossVind. – I vindtunnelen kan kven som helst få fly som Supermann, fortel dagleg leiar og innflytta austlending Hans Christian Amlie. Tilbodet har fått stor merksemd i media. Turistar og verksemder er nokre av kundane. – I tillegg kjem fallskjermhopparar frå inn- og utland for å trene. Den fjerde kundegruppa er folk som bur på Voss, seier Amlie.

Sidan oppstarten i april 2012 har Voss Vind alt blitt ei viktig brikke i det opplevingsbaserte reiselivet i bygda. Dei samarbeider også med andre ekstremsportaktørar og visitvoss.no. – Saman med raftingmiljøet i bygda legg vi til rette for ei unik kopling av vatn og vind. Vi tilbyr elvesigling og flyging i ein pakke, seier Amlie.

VossVind har seks fast tilsette instruktørar og fleire som blir henta inn om sommaren, som er høgsesong. Alle instruktørane er erfarne fallskjermhopparar. – Vi rekrutterer stort sett medarbeidarar frå ekstremsportmiljøet på Voss, både norske og utanlandske. Dette er gjerne folk vi kjenner frå det lokale fallskjermmiljøet. Mange kjem til Voss for å hoppe fallskjerm eller drive annan ekstremsport, også utlendingar. Miljøet lokkar folk til bygda, fortel Amlie. –Ekstremsport har ført til mykje tilflytting. Og tilflyttarane fungerer som ein katalysator for næringsaktivitet i bygda.

Tilbake til hovudartikkel